Runar B. Mæland
Lesande, lyttande, skodande
Updates
-
@AkselSterri Eg samlar mine eigne krefter i Oslo til hausten, og blir gjerne å sjå på @progressiv-arr. då når den tid kjem.4 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
@AkselSterri Eg tenkte på instituttet/fakultetet, ikkje partiet. Om dét skapte forvirring. :)4 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
*gisp* Pulp stal riffet på "Weeds" frå "Tilting At Windmills" av The Field Mice! Sml. http://t.co/qpHIy7So http://t.co/aH8lWhHE5 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
@AkselSterri Kan gjera det om eg hugsar det. Liker at SV i Oslo tar pol. filosofi på alvor, i motsetning til kva dei (fleste) gjer i Bergen.5 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
Har ikkje høyrt songen til Loreen og anar ikkje kor flink ho er, men Sverige får minst éi røyst frå meg i kveld! http://t.co/smaNGO8J5 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
@AkselSterri Og ein artikkel om temaet for bacheloroppgåva eg sit i sluttfasen av (Cohens kritikk av Rawls). Så greitt! @konservativ6 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
@vidarhope Vil ikkje risikera å mista pokalen på grunn av dårlege Nille-kuler. Me kjøper kvalitet, så får det kosta det det kostar!25 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
Påmeldt til #bocciafest12 saman med @GeirAngeltveit og @chris_a_elvik. Kor får ein kjøpt eit standsmessig petanquesett? #øvinggjermeister30 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
@Jon_Lien Nei, skal me setja folk først må me slutta med begge deler. Men eg kjøpte sørafrikanske plommer seinast i går! @SVparti30 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
-
Folk først! RT @SVparti Det er fordi vi setter folk først vi må verne miljøet, skriver SV-leder @audunlysbakken i sin spalte i BT30 hours ago from web | Reply, Retweet, Favorite
Photos
Recent tracks
-
Magazines by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}41 minutes ago
-
Stay Positive by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}44 minutes ago
-
Both Crosses by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}48 minutes ago
-
Yeah Sapphire by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}52 minutes ago
-
Lord, I'm Discouraged by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}57 minutes ago
-
Navy Sheets by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}60 minutes ago
-
One For The Cutters by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}65 minutes ago
-
Sequestered In Memphis by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}68 minutes ago
-
Constructive Summer by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}71 minutes ago
-
A Slight Discomfort by {u'mbid': u'4883523d-fc0e-4d0d-802c-91379e767083', u'#text': u'The Hold Steady'}79 minutes ago
Top artists
Top tracks
-
22 plays
-
21 plays
-
20 plays
-
20 plays
-
20 plays
-
19 plays
-
19 plays
-
19 plays
-
19 plays
-
19 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
18 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
17 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
-
16 plays
Posts
Av alle sjangrar som finst i denne vide verda, er indiepopen ein av dei eg har eit nærast og kjærast forhold til. Det er noko med den uhøgtidlege sjarmen og den sorgmuntre melankolien som går godt heim hos meg.
Eit av banda som fekk meg – og mange med meg – til å få augo opp for indiepopen er amerikanske The Shins. Albumet Chutes Too Narrow var ein umiddelbar klassikar då det kom i 2004, og har stått seg svært godt over åra. No har bandet stått på pause ein del år, men i mars er dei endeleg med oss igjen og gir ut albumet Port of Morrow.
Etter førstesingelen “Simple Song” å døma er det ingen grunn til å ha angst for at dei ikkje skal leva opp til forventingane. Songen er umiskjenneleg Shins – lett folkinspirert, eksentrisk, med den særeigne stemma til James Mercy sentralt i lydbiletet – men likevel kjennest det ikkje som om han kunne vore henta frå nokon av dei tidlegare albuma deira.
To av albuma eg høyrte mest på i fjor sommar var Cape Dory med Tennis og den sjølvtitulerte debutplata til Allo Darlin’. Begge bognar av eventyrlege sommarlåtar, og begge gjer mykje for å ikkje avsløra at dei er spelt inn seinare enn for 40 eller 50 år sidan.
Allo Darlin’ er eit engelsk-australsk band som held fram ein god retropoptradisjonen etter band som skotske Belle & Sebastian og Camera Obscura samt australske The Lucksmiths. Tennis, saman med bandet Cults, er eksponentar for ein nyare trend i amerikansk indie til å henta mest mogleg inspirasjon frå dei glade 50- og 60-åra. (Litt på sida: Eg fekk gleda av å sjå begge banda live i strandkanten i Barcelona under Primavera Sound Festival i fjor. I den aktuelle settingen – med god varme frå sola og lett bris frå Middelhavet – nærma det seg perfeksjonen.)
I dag (av alle dagar) kom det nye albumet til Tennis ut, med tittelen Young and Old. Allo Darlin’ kjem ut med sitt oppfølgjaralbum seinare i månaden. Ut frå førstesinglane kan det høyrast ut som at begge siktar mot eit noko meir polert og raffinert lydbilete. Dei siktar og treff godt i mine øyre, i alle fall.
“Origins” med Tennis:
“Capricornia” med Allo Darlin:
Sidan det utenkjelege hende fredag ettermiddag har Unge Venstre fått mange henvendingar. Rundt 40 har meldt seg inn, og fleire passive medlemer spør korleis dei kan engasjera seg og bli meir aktive. Andre har lurt på om dei kunne bli med på Unge Venstres sommarleir på Hove, sjølv om påmeldingsfristen var gått ut. Dette medan lika enno låg varme på Utøya.
Også dei andre ungdomspartia fortel om stor pågang. Dette fortel meg at mange opplevde terroråtaket som ein vekkjar om at likesæle ikkje held – at det ikkje er godt nok å sitja på gjerdet. For å slå ring om demokratiet, må me delta i det. For å hegna om det opne samfunnet, må me bruka dei sjansane det gir til å visa engasjement og til å diskutera samfunnsspørsmål med politikarar og andre ungdomar. Å vera med i eit ungdomsparti og reisa på politisk sommarleir, er nokon av måtane me kan gjera dette på.
Nokon har lagt mykje vekt på at Breivik for nokre år sidan var medlem i Frp og FpU. Det meiner eg er feil fokus. Langt meir relevant er det at Breivik meldte seg ut av Frp og FpU, då han tok avstand frå demokratiet og dei verdiane som politisk arbeid føreset. Den einaste måten å endra samfunnet på, meinte han til slutt, var gjennom ekstreme valdshandlingar.
Me som er med i politiske parti og ungdomsorganisasjonar, trur på det motsette: me trur me kan vera med og endra samfunnet til det betre på fredelege måtar, gjennom politisk arbeid. Når me får nye medlemmar og fornya støtte, får me også større høve til å visa at dette verkeleg er mogleg. Då kan me påføra Breivik og hans ideologi nye, store tap i tida framover.
Om den retoriske tonen i valkampen kjem til å bli meir respektfull og neddempa, er det ikkje berre fordi sorga og sjokket framleis sit i oss. Det er også fordi me har fått ei fornya forståing for verdigrunnlaget me deler på tvers av alle politiske skiljeliner. Alle ønskjer eit betre samfunn bygd på respekt og omtanke for kvarandre, og me ønskjer å bruka demokratiske verkemiddel for å koma dit. Dét er substansielt, sjølv om me har ulike oppfatningar om korleis eit betre samfunn skal sjå ut.
Demokratisk politikk føreset nemlig eit verdigrunnlag. Vald og hat er negasjonar av dette verdigrunnlaget, og er dermed det motsette av politikk. Det er legitimt å ytra ulike syn i spørsmål om innvandring, integrering og fleirkultur, også etter dette, og ingen politiske syn bør forvekslast med terrorsympatiar. Om me skulle ha avslutta den opne debatten om dette, ville dét også vore å gi ein siger til terroren. Men hat har ikkje ein legitim plass i demokratisk meiningsutveksling, og det har me også eit ansvar for å seia frå om. Hat gir næring til meir hat, og i siste instans til vald.
Tusen små lys blir tente i det svartaste mørkret av alle som no engasjerer seg, viser omsorg, og deltar i demokratiet og det opne samfunnet for å markera avstand og avsky mot all ekstremisme.
Høgre har i kveld avklart at dei vil gå i forhandlingar med Ap om å innføra datalagrinsgdirektivet i norsk lov. Medan eg les om DLD-striden, som har gått høgt i norsk politikk over lang tid, kjem eg stadig til å tenkja på idékampane som låg bak framveksten av den klassiske liberalismen.
Thomas Hobbes, grunnleggjaren av moderne politisk teori, såg på midten av 1600-talet korleis mangelen på ei etablert statsmakt under den engelske borgarkrigen gjorde skapande verksemd umogleg. Slike situasjonar førte samfunnet tilbake til naturtilstanden, den grunnleggjande førpolitiske tilstanden til samfunnet – amoralsk og anarkistisk, makthierarki og ordenslover. Strid om knappe ressursar gjorde livet i naturtilstanden til ein kamp for å overleva, ein alles kamp mot alle, med den frykta og mistilliten det ber med seg.
Men Hobbes såg òg hadde potensialet til noko anna og betre enn naturtilstanden. Han såg føre seg at desse primitive borgarane med tida gjekk saman om å danna ei samfunnskontrakt og oppretta ein suveren stat – ein felles maktinstans som kunne iverksetja ro, orden og gode samarbeidsvilkår mellom individa. Her ligg impulsane til liberal tenking tydeleg for dagen: Statens makt er grunngitt av folkets interesser, ikkje gudeleg autoritet.
Men Hobbes har ei anna, skumlare side. Staten – leviathan, som Hobbes kalla han – skulle ivareta sikkerheit for ein kvar pris. Alt var betre enn naturtilstanden, og for å unngå tilbakefall måtte statsmakta vera absolutt og udelt. Suverenen måtte til ei kvar tid kunna ta i bruk alle midlar som var nødvendige for å sikra seg mot kriminalitet og komplott.
John Locke, ein liten generasjon etterpå, bygde vidare på det kritiske, egalitære potensialet i Hobbes si tenking. Han meinte at dei moralske rettigheitene som borgarane danna samfunnskontrakta for å beskytta, også måtte setja grenser for kva staten sjølv kunne utretta. Ein uinnskrenka stat, slik Hobbes ville ha, vil i praksis kunna bli mange gonger verre enn naturtilstanden staten var meint til å erstatta.
For å kunna ivareta vår fridom og moralske likeverd, må den politiske makta i samfunnet vera delt og konstitusjonelt begrensa, sa Locke. Dermed var grunnlaget for den politiske liberalismen lagt, med dei følgjer det ville få både for politisk teori og praksis utover 1700- og 1800-talet.
Usemja mellom Hobbes og Locke er framleis relevant i dag. Det finst alltid og overalt ei grense for når statsmakta går frå å vera løysinga på eit problem, til sjølv å bli ein del av problemet. Jo større myndigheit staten får – jo meir staten reelt står i makt til å gjera overfor borgarane – di nærare kjem han til denne grensa.
Staten sitt primære føremål ligg i å ivareta fred, sikkerheit og tryggleik i samfunnet innanfor dei ramene som blir sett av individa sine mest grunnleggjande interesser og rettigheiter. Med Datalagringsdirektivet, og ei rekkje av dei andre antiterrorlovene som er innført rundtom i verda dei siste ti åra, har me etter mitt syn kryssa ei grense i så måte. Når all trafikkdata om mobil- og internettkommunikasjon mellom borgarane skal lagrast, går dette openbart i strid med personvernet og snur uskuldspresumpsjonen på hovudet.
Forsvararane av direktivet bruker klassisk, hobbesiansk argumentasjon: politiet treng “verktøy” i kampen mot alvorleg kriminalitet, for å hindra at Noreg blir ynglestad for terroristar og barnepornosirklar. Dei “verktøya” det er snakk om, er altså privat kommunikasjon mellom vanlege borgarar. Om ikkje dette skal vera ei verna sone, kor går då grensa mot statens makt? Og kva for potensial for misbruk og føremålsutgliding ligg det i at all denne dataen blir samla? Kan me stå i fare for å setja oss i ein situasjon der staten kontrollerer borgarane meir enn omvendt?
Den italienske idéhistorikaren Norberto Bobbio har sagt at Hobbes først og fremst må reknast som ein klassisk konservativ. Locke, derimot, blir sett på som den første sanne liberaleren. Den prinsipielle usemja mellom Høgre og Venstre i debatten om datalagringsdirektivet i 2011, har med andre ord røter tilbake til 1600-talet.
Den gongen var det, over tid, dei liberale synspunkta som vann fram. Eg håpar det same før eller seinare kan skje i dag òg.
I Noreg har me allmenn verneplikt: alle myndige menn pliktar å gjera eitt års teneste i Det norske forsvaret. For dei som nektar å gjera slik teneste av prinsipielle årsaker, finst det ein sanksjon: Sivilteneste.
Å gjera sivilteneste er trivelegare og meir verdig enn å sona i fengsel, slik militærnektarar gjer i mange andre land. Sivilarbeidarar jobbar i frivillige organisasjonar, på skular og ungdomsklubbar, og har etter mange års kamp opparbeidd seg nokolunde like rettar som dei som gjer militærteneste. Likevel skal det vera klart at det er dét som er føremålet med institusjonen: å sørga for at militærnekting kostar, at det har konsekvensar å seia nei til førstegongsteneste.
Ein kan spørja seg om denne sanksjonen har nokon praktisk funksjon når så det er så få som faktisk gjennomfører militærtenesta. I dag er det først og fremst Forsvaret som seier nei til ungdom, ikkje ungdom som seier nei til Forsvaret.
Sjølv sa eg i si tid nei. I 2007-2008 gjorde eg sivilteneste som journalist og redaktør i militærnektarmagasinet Balder. Det var ei super tid på mange måtar. Eg fekk møta svært mange dyktige og ivrige sivilarbeidarar landet rundt, og fekk svært godt inntrykk av i alle fall nokre av dei tilsette i Siviltenesta. Trass i dette blei eg meir og meir skeptisk til Siviltenesta som institusjon, og i det siste bladet eg gav ut skreiv eg ein leiarartikkel der eg argumenterte for at heile greia burde nedleggjast.
No har stortingsgruppa til Ap landa på det same standpunktet, delvis av dei same grunnane. Jan Bøhler seier til VG at Siviltenesta har overlevd sitt føremål, at tiltaket kostar, og at pengar spart er pengar tent. Dette skulle vera nokså rimeleg.
Ein sivilarbeidar og ein lærar, begge med gode erfaringar med sivilarbeidarane sitt antimobbearbeid, argumenterer i artikkelen for at tenesta bør oppretthaldast, fordi ho har positiv nytteverdi for samfunnet. Det siste kan det vera ein del rett i. Standpunktet deira viser likevel manglande prinsipiell tenking og politisk kreativitet.
Siviltenesta sitt førebyggjande arbeid i skulen er organisert i VOKT-tenesta, som også har fått positive eksterne evalueringar på at det fungerer etter føremålet. Det er i så fall heilt uvurderleg – me må sjølvsagt jubla for alle tiltak me veit kan bidra til å stansa mobbing, vald og konfliktar i skulen.
Men om denne tenesta fungerer så bra, kvifor skal det då berre vera ope for folk som nektar militærteneste? Om tiltaket er bra i seg sjølv, er det idiotisk at det skal vera organisert som ein sanksjon mot pasifistar.
Om VOKT var organisert som eit frivillig ungdomsarbeidarkorps, som ei positiv moglegheit for all motivert ungdom, ville det utvilsamt fungert betre for alle partar: inntak, tenestetid og opplæring kunne skreddarsyast til skulane sitt behov, staten kunne gått ut og reklamert for tenesta, og ungdomane kunne sleppa å forholda seg til reglar som er henta frå militærtenesta. Om me gjorde det slik, ville me ikkje ha spart inn like mykje på statens utgifter som Bøhler ser føre seg. Men det er uansett ikkje snakk om store pengane, og det er all grunn til å tru at førebygging løner seg på sikt.
Ein kvar militærnektar bør prinsipielt vera for å avskaffa siviltenesta. Me bør vera mot at dei ønskjer å tvinga oss inn i militærteneste i utgangspunktet, og me bør vera mot at dei skal ha sanksjonar mot oss når me strittar imot. Ap skal difor ha kred for at dei løftar denne saka. Men det bør ikkje ha som følgje at det positive arbeidet som skjer gjennom siviltenesta forsvinn frå norske skulegardar og fritidsklubbar.
A propos parlamentarismens ideal og røyndom: Eg kom over denne kronikken av Kristin Clemet i gårdsdagens Aftenposten, der ho skriv at Noreg i dag reelt sett er styrt av tre personar: dei raudgrøne partileiarane Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete.
Årsaka er at fleire og fleire politiske saker i følgje Clemet blir avgjort ved interne forhandlingar i det såkalla underutvalet i regjeringa, der partileiarane i fleirtalskoalisjonen sit. Dei øvrige statsrådane har liten innverknad på politikken regjeringa fører. Årsaka er behover for effektivitet i politikkutforminga, kanskje kombinert med dei interne spenningane i fleirtalskoalisjonen? Resultatet er mangel på innsyn, og at færre argument, erfaringar og innsikter blir lagt på bordet i utforminga av politikken, seier Clemet.
Sidan regjeringa føreslår lover for Stortinget, og dei raudgrøne partia sjølvsagt røystar for regjeringa sine forslag, har Stortinget òg fint lite det skulle ha sagt om politikken dei sjølve vedtar. Parlamentarikarane kan gjerne diskutera saker opp stolpar og ned veggar, men sidan politikken er fastlagt på førehand, kan dei reelt sett ikkje flytta på vedtak.
Me såg at i følgje Carl Schmitt var den berande idéen bak det parlamentariske systemet diskusjon og openheit, og at dette var i samsvar med den norske historia: lovgivande makt skulle vera overordna den utøvande, og alle saker skulle leggjast fram for parlamentet, så dei beste argumenta alltid kunne vinna fram. Så har no vår parlamentarisme, heilt i tråd med reglane i spelet, ført til ei raudgrøn fleirtalsregjering med ei vedtaksprosedyre som no møter kritikk for å mangla nettopp diskusjon og openheit. Parlamentarismen har ut frå sin eigen dynamikk fjerna seg frå sitt eige ideal, kan ein seia.
Eg skal ikkje trekkja fleire linjer mellom Carl Schmitt og Kristin Clemet, bortsett frå at begge to er skarpskodde ideologiske skribentar. Lars Sponheim var òg inne på mykje av det same som Clemet i si siste tid som Venstre-leiar. Debatten viser i alle fall at Schmitts kritiske analyse av det moderne parlamentariske systemet framleis er relevant, uansett korleis me no i dag vurderer tilstanden og kva for utvegar me søker oss til.
Det er slike ting som er med og gjer politisk idéhistorie så spennande.
Platon var etter vår standard ein god gammaldags kulturkonservativ kommunist, ei slags blanding av det mest ytterleggåande i KrF og Raudt. I denne slåande passasjen frå Lovene, der Platon (tilsynelatande) kritiserer postmodernismen og 68-generasjonen i ein diskusjon om musikken i Aten, er det den konservative røysta hans som talar (mine uthevingar):
…etter som tiden gikk, oppsto den umusiske lovløsheten anført av diktere som nok hadde dikterisk begavelse, men ikke kjente til musikkens lover og regler. Med bakkisk begeistring og besatt av en lystsøken som gikk ut over det sømmelige, blandet de sørgesanger med hymner og paianer med dithyramber, de etterlignet fløytemusikk med lyren; alle forskjellige elementer brukte de om hverandre. I sin uforstand skapte de uten å ville det den vrangforestillingen at det ikke er noe som er “riktig” i musikken, og at den riktigste målestokk er hvor stor nytelse musikken gir, uansett om den som bedømmer den, er et godt eller dårlig menneske.
Gjennom den slags diktning og gjennom tilsvarende uttalelser ga de folk flest en holdning til musikk preget av lovløshet og en freidighet til å uttale seg som om de var kompetente kritikere. Slik fikk vi et høyrøstet publikum i stedenfor et taust, som om publikum hadde greie på hva som var vakkert eller ikke i musikken, og musikkens aristokrati ble til et vederstyggelig “theatrokrati”. (…) det som vi nå så vokse frem, var at alle trodde de forstod seg på alt, ingen lover gjaldt lenger, og deretter fulgte frimodigheten. I den tro at de var spesialister, mistet de alle hemninger, og fryktløsheten førte til frekkhet. For dersom man blir så freidig at man ikke frykter meningen til den som er bedre enn en selv, da får man nettopp denne vederstyggelige frekkheten som oppstår av en altfor løssluppen frihet.
Ordet “parlament” kjem frå italienske “parlare”, som tyder å snakka. Ordet er passande, for er det éin ting det er sikkert at dei gjer, parlamentarikarane våre, så er det å snakka. Men er det meiningsfulle ordskifte som føregår på Stortinget? Snakkar dei med kvarandre, til kvarandre eller forbi kvarandre? Fører dei diskusjon, krangel eller berre spel for galleriet?
I Politisk idéhistorie på UiB har me nyss lært om Carl Schmitt, ein framtredande tysk jurist under både Weimar-republikket og Det tredje riket. Han tok opp grunnleggjande problemstillingar i det liberale demokratiet på ein måte som har vore både djupt kontroversiell og sterkt innflytingsrik.
I Die geistesgeschichtliche Lage des heutigen Parlamentarismus frå 1923 sporer han parlamentarismen tilbake til sin opphavelege og berande idé: openheit og diskusjon. Denne idéen, seier han, kviler på ei liberal, rasjonalistisk førestelling om at sanning og rettferd naudvendigvis vil bryta fram av ein open konkurranse mellom meiningar.
Schmitt definerer diskusjon som noko anna enn forhandlingar om kompromiss eller skuggeboksing om sanninga: genuin diskusjon føreset at deltakarane vil la seg styra av fornufta, bruka rasjonelle argument for å overtyda motparten og la seg bli overtydd om andre har ei betre sak. Parlamentet sin funksjon skulle vera å samla representantar for folket til diskusjon om alle viktige samfunnsforhold med det felles beste for auga. Openheit innebar at utøvande makt skulle stillast ansvarleg overfor parlamentet, for å hindra at saker skulle bli unndratt parlamentarisk diskusjon. Dette var sjølve føresetnaden for at dei beste argumenta kunne vinna fram og gi grunnlag for gode lover.
Idealet er til å kjenna igjen frå vår eigen kontekst. Det skorta ikkje på optimismen då Johan Sverdrup sa at “i det øieblik, at al makt og kraft samles her i denne sal til afgiørelse af samfundets høieste og vigtigste anliggende, gaar der en stor vækkelse ud over landet”. I dag har me mellom anna reglar for parlamentarisk språkbruk, som vel er tenkt å sikra at samtalen føregår på ein opplyst og sakleg måte, slik at ein kan nå framgang i sak gjennom diskusjonen.
Dette var altså idealet. Men slik Schmitt såg det har den faktiske utviklinga av samfunnet, med framveksten av massedemokratiet og partisystemet har gjort at denne idéen er milevidt ifrå mogleg å realisera, og han deklamerte at det parlamentariske systemet var i djup krise.
No treng me heller ikkje gå inn for diktatur, slik Schmitt etterkvart gjorde, for å sjå avstanden mellom eit slikt ideal og det som faktisk føregår i parlamentet vårt i dag.
Schmitt såg som teikn i tida at dei faktiske avgjerdene blei tatt i lukka rom utanfor plenumssalen i parlamentet, medan representantane blei til talerøyr for partiet eller særinteresser heller enn deltakarar i ein opplyst diskusjon med folket sitt beste for auga. I vår tid blir parlamentet med jamne mellomrom omtala som ei pølsebu utan eigentleg innflyting på politikken som blir ført, og der parti-ideologisk ordkrig, personlege markeringar eller krav frå interessegrupper dominerer ordskiftet. At ein representant skal overtyda ein annan i sak, verkar utenkjeleg.
Når den berande idéen bak parlamentet ikkje lenger er gyldig, har institusjonen mista sin legitimitet, sa Schmitt i si tid. Kva skal me seia i dag? Om me anerkjenner diskrepansen mellom ideal og røyndom, kan me gjera tre ting: me kan gjera som Schmitt, seia opp gi opp idéen og opna vegen for alternativ; me kan justera ambisjonane ned til noko meir oppnåeleg; eller me kan forsøka å endra praksisen slik at me kjem nærare idealet.
Dei to siste er definitivt mest tiltalande, og me bør vel kunna gjera noko av begge. Men kva, og korleis?
Her er det fritt fram for lesaren å ta opp tråden, så skal eg prøva å følgja opp spørsmålet meir seinare.
Det er litt sprøtt å tenkja på: den nye mobiltelefonen min er laga av resirkulert plast. Det som ein gong var vanlege drikkeflasker er no eit høgteknologisk produkt med WLan, skritteljar, innebygd Facebook-applikasjon og 5 megapiksels kamera.
Vidunderet er laga av Sony Ericsson, og er med i Greenheart-serien deira av mobiltelefonar med økologisk profi. I tillegg til at plasten går inn i ein krinslaup, er lakken vassbasert, emballasjen minimert, ladaren energieffektiv. Energiforbruk, ressursuttak og kjemikalieutslepp blir dermed ganske vesentleg redusert.
Det kule er at eg ikkje visste noko av dette då eg såg meg ut telefonen i hylla på Elkjøp. Han merka seg ut ved eit elegant og praktisk design med deilige, breie knappar, og var dessutan den billegaste modellen dei hadde inne med WLan, så eg hadde kjøpt han uansett.
Mobiltelefonen fortel om to viktige ting. Det eine er at det i dag finst mange nok miljømedvitne forbrukarar til at det løner seg å utvikla miljøvenlege produkt retta mot desse; det andre at det er teknologisk fullt mogleg å laga avanserte produkt på ein måte som skånar miljøet, og utan at dei dermed tapar noko i kvalitet, design, brukaroppleving eller pris.
Begge delar er i utgangspunktet udelt positivt, men stiller også opp eit viktig dilemma. For når Sony Ericsson lagar nokon få, spesielle “miljø-mobilar”, innrømer dei jo indirekte at dei andre mobilane deira skadar miljøet. Selskapet demonstrerer at det går an å laga fullgode, konkurransedyktige telefonar på miljøskånsomt vis, men vil ikkje overføra teknologien til resten av produktlina si.
Men optimismen bør sigra over kynismen. Greenheart-mobilane viser jo likevel at ein grønare økonomi med miljøvenlege produksjonsformer er innan rekkevidde, og det kan tena til positiv inspirasjon både for forbrukarar og andre produsentar. I første omgang kan me håpa på konkurranse om kven som tilbyr dei beste miljømobilane; sidan kan me få konkurranse om kven som har dei mest miljøvenlege mobiltelefonane over heile produktlina.
For mange er det blitt trendy å tenkja miljø, og det har produsentar fått med seg. Det er kjempebra at det me kan kalla livsstilsmiljøvernarar pressar selskap til å tenkja nytt og grønt ved å etterspørja produkt som ikkje skadar miljøet. Men utfordringa no er å få omtanken for økosystemet me er avhengige til å bli gjennomgripande.
Eg trur me kan ha eit kapitalistisk, høgteknologisk samfunn som skåner naturmiljøet og klimaet og som er betre og kulare enn det me har i dag. Då trengst det gjennomgripande strukturelle endringar i korleis me produserer og handlar varer, forflyttar oss og samhandlar. Det er langt dit, og mange har eit ansvar undervegs. Sony Ericsson gir eit lite, men handfast og godt bidrag som kanskje gjer at fleire kan få trua på at det er mogleg å nå fram.
Så må ein håpa at ingen seier seg nøgde, men at initiativet spreier seg.
Verdslitteraturen låg under juletreet. I alle fall nokre gode smakebitar: klassikarane Moby-Dick, Mrs Dalloway og Heart of Darkness, og den nyare Gentlemen of the Road.
Gentlemen, skriven av Pulitzer-vinnar Michael Chabon, gjekk som følgjetong i New York Times i 2007. Eg blei ferdig med boka alt andre juledag. Dette er noko så sjeldant som ei medrivande eventyrforteljing, om to omreisande bandittar i Kaukasus rundt år 950 som viklar seg inn i ein blodig politisk konflikt om kravet på trona i det gamle, jødiske kongeriket Khazaria. Ta med nokre krigselefantar, horer og brutale vikingtokt, så har du sjølve oppskrifta på ei god bok, meir eller mindre.
Språket er rikt og forma elegant, men Chabon er mest av alt oppteken av å fortelja: klassisk historieforteljing som gir spenning, kunnskap og røyndomsflukt i ei god blanding. Det er ikkje ofte samtidsforfattarar skriv slike bøker, så historisk orienterte og så lite introspektive. Eg liker det.
No er det Moby-Dick som står for tur – denne kvitkvalen av ein roman, 750 sider lang og med ein posisjon i den litteratur- og kulturhistoriske horisonten vår som få andre. Eg kjenner til historia om den opprivande jakta på ein mytisk kvitkval gjennom referansar i alt frå Donald-historiar til heavy metal (Mastodon gav ut eit fantastisk konseptalbum som krinsar rundt tema frå Moby-Dick), og ho er ein like opplagt del av det kollektive medvitnet vårt som nokon fiksjon. Eg har også forstått at boka knyter an til djupt eksistensielle, menneskelege tema som få andre.
Det slår meg at eg er tiltrekt av romanen Moby-Dick litt på same måten som Ishmael i boka er tiltrekt av kvalen Moby-Dick. Eg har framfor meg eit overveldande stort hav av litteratur som nærmast ligg der og ropar på meg. I dette havet finst så denne enorme, mektige romanen eg har høyrt så mykje om, og som vekkjer i meg ei trang til å utforska, oppdaga og overvinna. I møtet med dette veldige kan eg, her eg ellers tumlar rundt i det små, få eit innblikk i dimensjonane som utspeler seg her i livet, for betre eller verre.
Ja, eg har ei slags fascinert ærefrykt overfor stor kunst. Det gir stor fallhøgd, og det står igjen å sjå om Moby-Dick og seinare dei andre gamle klassikarane innfrir lovnadene sine og viser seg som noko meir enn berre vanleg tidtrøyte.
Det sjølvtitulerte debutalbumet til London-bandet The xx er eit av årets flottaste: ei samling av gripande, stillfarne songar kledd i eit nake lydbilete som framhever smekre detaljar og forsiktige skifter i energi og stemning, og bergar det som lett kunne blitt ei keisam affære. Det tok litt tid frå eg først høyrte på nokon av songane på Spotify til alt dette blei openberra for meg – det er typisk slik plate som treng litt tid på seg.
Så, ei tid tilbake, kjøpte eg skiva i fysisk format på Platekompaniet, og eg blei med eitt meir glad i henne enn nokon gong før.
Samlinga mi tel no ein stad mellom 550 og 600 CD-plater, akkumulert sidan eg ein gong i ungdomsskulealder bestemte meg for å samla alle platene med dåtidas favorittband Red Hot Chili Peppers. Eg er glad i det fysiske formatet: det stadfestar albumet som heilskapleg og einskapleg verk med eit bestemt kunstnarisk fokus, og dermed noko meir enn berre samlingar av vilkårlege enkeltspor spelt inn på same tid. Dessutan gir det ei spesiell eigarskapskjensle til musikken: har eg kjøpt eit plate, er det “mi” plate, og eg får med ein gong etablert eit nærare og meir varig forhold til henne. At CD-plata gir betre lydkvalitet og dermed lar musikken koma meir til sin rett enn gjennom andre medium, skal me heller ikkje kimsa av.
Men noko har hendt. Det eine er at eg ikkje har like mykje pengar som heiltidsstudent som då eg var tillitsvalt sivilarbeidar. Det andre er at den veksande platesamlinga utgjer ei større og større logistisk utfordring. Eg orkar ikkje tanken på større flyttelass!
Det tredje som har hendt – i eit påfallande samantreff med det føregåande – er at alternativa til fysisk CD-samling raskt er blitt betre enn nokon gong. Eg forstod tidleg at Grooveshark og Spotify var fortreffelege kanalar for å få sjekka ut enkeltspor; tanken på at dei kunne bli reelle erstatningar for ei vidare eskalering av CD-samlinga slo meg først då eg stod på Platekompaniet ein dag i sommar og kika nettopp på The xx på tilbodshylla.
Plata hadde då nett fått ei svært fordelaktig melding hjå Pitchfork, og eg hadde veldig lyst til å sjekka henne ut. Prislappen var slett ikkje fråskrekkande: 99,50 er ikkje mykje pengar for ein ny CD. Det som slo meg, var at eg for den same prisen kunne få eit månads abonnement på Spotify Premium – noko som ikkje berre innebar full reklamefri tilgang til The xx, men også til hundrevis av andre album eg hadde lyst til å sjekka ut. Eg lot plata stå igjen i butikken, og byrja gå nokon rundar med meg sjølv. Var tida verkeleg inne for ei radikal nyorientering i musikkforbruket mitt?
Etter ei tid tok eg endeleg steget over i Premium-verda. Jonathan og Roberta var ille nok; ein heil medley av Thomas Dybdahl-songar mellom spora på Fishscale av Ghostface Killah var beint fram uuthaldeleg. Sidan har eg ikkje sett meg tilbake. Ikkje berre er reklamane borte; lydkvaliteten er også merkbart betre, og no fullt på høgde med det beste i den digitale musikksamlinga mi. Og så har eg fått sjekka ut meir ny (og gamal) musikk enn kanskje nokon gong tidlegare.
Likevel vende eg no altså tilbake til Platekompaniet, og byta hundrelappen min mot The xx, slik eg ikkje hadde turt for eit par månader sidan. Eg angra like lite på dette. Plata har all den meirverdien vil ha når eg legg pengar på bordet for ein CD, slik at ho hevar den totale opplevinga av albumet.
Den monokromatiske coverkunsten står utmerka godt til innhaldet, og enno betre enn det ser ut digitalt: den kvite X’en er skoren ut av den svarte pappen, og viser mot det kvite tekstheftet. Skuggane under utskjeringa gir meir rom og liv til komposisjonen. Tekstheftet sjølv er det aller beste: tekstane er illustrerte med utydelege, fargerike bilete som understrekar formane og nyansane som finst i hjarto av songane. Det er ikkje det at det ikkje finst fargar eller lys på albumet; det kan berre ta litt tid før du finn det.
The XX hjelpte meg til fullt ut å oppdaga fordelane med den nye musikkøkonomien, bygd på digital distribusjon og fri tilgang. Samstundes slår ho fast for meg at det fysiske musikkformatet framleis har livets rett, ved at det knyter det musikalske innhaldet til ei konkret form i eit fullstendig, kunstnarisk uttrykk.
Posts
Dagen er prega av motstridande kjensler. Teenage Fanclub, som står bak ei rekkje moderne indieklassikarar, har laga eit nytt album som i dag er å høyra på Spotify. Gitarpopguruane frå Glasgow er i form som aldri før og leverer eit heilstøypt sommaralbum, om førsteinntrykket av Shadows er til å stola på.
Men så er det liksom ikkje mogleg å oversjå blodet som renn i havet i Midtausten. Israel heller malurt i gladstemningsbegeret med bordinga av naudhjelpskonvoien på veg til Gaza. 19 menneske er melde drepne til no. Palestinske myndigheiter kallar det ei massakre, EU-utanriksboss Diane Ashton krev gransking, Jonas Gahr Superstar er sjokkert og kallar den israelske ambassadøren på teppet. Eg veit ikkje kva som ligg bak desse hendingane, men det ser utvilsamt stygt ut for Israel og for dei spora som eventuelt fantest til ein fredsprosess.
Rykande maskingevær og skinnande poprefreng går om kvarandre i hovudet mitt. Og eksamensoppgåva mi i romersk kunst og litteratur, som skal leverast i morgon, gjer at eg ikkje får fordøya eller fordjupa meg i nokon av dei. Slik er tvesinnet nett no.
§ 95. Ingen Dispensationer, Protektorier, Moratorier eller Opreisninger maa bevilges, efterat den nye almindelige Lov er sat i Kraft.
§ 96. Ingen kan dømmes uden efter Lov, eller straffes uden efter Dom. Pinligt Forhør maa ikke finde Sted.
§ 97. Ingen Lov maa gives tilbagevirkende Kraft.
§ 100. Ytringsfrihed bør finde Sted.
§ 101. Nye og bestandige Indskrænkninger i Næringsfriheden bør ikke tilstedes Nogen for Fremtiden.
§ 102. Hus-Inkvisitioner maa ikke finde Sted, uden i kriminelle Tilfælde.
§ 108. Ingen Grevskaber, Baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for Eftertiden oprettes.
We will oversee the radical dispersal of power away from Westminster and Whitehall to councils, communities and homes across the nation. So that, wherever possible, people make the call over the decisions that affect their lives. And, crucially, the relentless incursions of the state into the lives of individuals that has characterised the last 13 years ends here. From rolling back excessive surveillance, to ending the criminalisation of innocent people, we will restore and protect our hard-won civil liberties.
I call that agenda liberalism.
For å ha sagt det: Det var verkeleg herleg å koma heimatt til bakkane og berga utmed havet. Særleg når eg fekk ein så flott velkomst som denne solnedgangen over Bømlafjorden sytte for, undervegs frå Flesland til Stord med snøggbåt.
Ein av dei kulaste tinga akkurat no er den nye Mummitrollet-filmen, som har hatt førpremiere på filmfestivalen i Cannes. Filmen er laga for stereoskopisk 3D-vising - den første i sitt slag i Noreg - basert på dei herlege filtdokkeanimasjonane frå 70-talet. Som om ikkje det var nok: Björk står for filmmusikken. Eg elskar Tove Jansson-bøkene om Mummidalen, så eg gler meg!
I dag er det tid for avreise frå Den evige stad, og eg forlet Italia og EU for denne gong. Eit annleis semester, kan ein trygt seia - så vil tida visa kor mykje eg har vokst på det.
I dag er det noko som heiter #MusicMonday, og då slår eg eit slag for ein gamal lidenskap eg er nokså åleine om å ha: bandet Deathray.
Bandet blei skipa av tidlegare medlemer frå populære CAKE, og laga new wave-inspirert indie spekka med pophooks og frekke produksjonsdetaljar. Ein skulle tru det kunne slå an, men Deathray er noko av det mest obskure i musikksamlinga mi; berre seks andre har lista seg opp på Rate Your Music som eigarar av det glitrande Believe Me frå 2005. Me er til saman fire som har gjort det same for den jamngode EP’en deira frå 2002, White Sleeves.
Denne smakebiten, “The Only One, viser dei frå ei sentimental, discorocka side. Dei kunne like gjerne vera særare eller snillare, tristare eller gladare; sjekk ut resten av musikken på heimesida deira om det fell i smak.
I dag er det mai! Ein grunn til å gleda seg over at det er mai, er at fem av dei mest spennande banda dei siste åra kjem med nye album denne månaden: The National med High Violet, The Hold Steady med Heaven is Wherever, Broken Social Scene med Forgiveness Rock Record, LCD Soundsystem med This Is Happening og Flying Lotus med Cosmogramma.
Ein får høyrt desse platene ulike stader på nettet, men eg ventar til eg kan høyra dei på Spotify. For dei som vil førebu smakslaukane på kva som er i vente, eller som berre treng litt musikalsk påfyll til resten av helga, har eg sett saman denne spelelista med nokre gamle favorittar av banda det er snakk om.
Frå The National kan du venta deg mørk, urban kammerpop, frå Hold Steady rocka, gitartunge drikkeviser, frå Broken eklektisk kanadisk indieprog, frå LCD kul og smart dancepop og frå Flying Lotus innovervendt abstrakt hip-hop. Det er berre å benka seg. God helg!
Grava til diktaren John Keats på den protestantiske kyrkjegarden i Roma.
Innskrifta lyd: “This grave contains all that was mortal, of a YOUNG ENGLISH POET, Who on his Death Bed, in the Bitterness of his Heart, at the Malicious Power of his Enemies, Desired these Words to be engraven on his Tomb Stone: Here lies One Whose Name was writ in Water.”
Kan du visa meg eit einaste menneske som set den rette pris på tida? som verdset kvar dagen? som forstår at vi dagleg døyr? Vi narrar oss ved det at vi trur døden berre ligg i framtida; ein stor del av døden ligg alt attom oss, heile den tida vi har gjennomlevd, har døden gløypt.
How vile a crime that flesh should swallow flesh,
Body should fatten greey body; life
Should live upon the death of other lives!
With all the bounteous riches that the earth,
Earth best of mothers, yields, can nothing please
But savage relish munching piteous wounds,
A Cyclop’s banquet?
Jeg var bedagelig anlagt og egnet for ørkesløs moro,
livet i skygge og seng gjorde meg vennlig og dorsk.
Først da jeg fikk interesse for jenta, ble latskapen borte,
da jeg fikk tjeneste her, inne i elskovens leir.
Følgelig ser du meg årvåkent kjempe de nattlige kriger.
Vil du bli våken og kvikk, da er min oppfordring: Elsk.
Others will hammer out bronzes that breate in more lifelike and gentler ways, I suspect, create truer expressions of life out of marble, make better speeches, or plot, with the sweep of their compass, the heaven’s movements, predict the ascent of the sky’s constellations. Well, let them!
You, who are Roman, recall how to govern mankind with your power. These will be your special “Arts”: the enforcement of peace as a habit, Mercy for those cast down and relentless war upon proud men.
Bilete frå det klassiske Agora i Aten, tidleg denne månaden. Det nærmar seg her heime, også…
Men om neger betyder svart, betyder människa vit då?
Teenage Fanclub har gitt oss stilsikker, melodiøs powerpop frå dei skotske skogane sidan tidleg nittital. Aldri veldig originalt, men alltid veldig bra, takka vera uvanleg låtskrivarteft og smittsam framføringsglede. No går dei svangre med nytt album, med termin i juni.
“Baby Lee”, smakebiten du kan spela av på heimesida deira, demonstrerer at Fannies har popinstinktet intakt. Refrenget låter først tilforlateleg, nesten som eit antiklimaks, men i den utstrukne melodilina openberrer det seg etter kvart eit lite stykke popkunst. Passe søtladent, passe jordnært.
Medan me ventar på resten av Shadows, kan me gleda oss over gamle Fannies-favorittar på denne Spotify-spelelista som eg har smelt i hop for høvet. Eit treffande lydspor: våren er på veg!
Audio
-
I dag er det noko som heiter #MusicMonday, og då slår eg eit slag for ein gamal lidenskap eg er nokså åleine om å ha: bandet Deathray. Bandet blei skipa av tidlegare medlemer frå populære CAKE, og laga new wave-inspirert indie spekka med pophooks og frekke produksjonsdetaljar. Ein skulle tru det kunne slå an, men Deathray er noko av det mest obskure i musikksamlinga mi; berre seks andre har lista seg opp på Rate Your Music som eigarar av det glitrande Believe Me frå 2005. Me er til saman fire som har gjort det same for den jamngode EP’en deira frå 2002, White Sleeves. Denne smakebiten, “The Only One, viser dei frå ei sentimental, discorocka side. Dei kunne like gjerne vera særare eller snillare, tristare eller gladare; sjekk ut resten av musikken på heimesida deira om det fell i smak.12 plays